Yancheng
Yancheng | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Jiangsu | ||
![]() Yancheng | |||
Wikimedia Commons: Yancheng | |||
Yancheng (kinesisk skrift 盐城, pinyin Yánchéng) er eit byprefektur nordaust i provinsen Jiangsu i det sentrale Kina. Byprefekturet har eit areal på 16 921 km2, folketalet i prefekturet vart i 2008 berekna til 8 117 000. Innanfor bygrensene budde det kring 3,63 millionar menneske.
Yancheng består av to bydistrikt, to byfylke og fem fylke.
Yancheng tyder «Saltbyen» og er fyrste ging nemnd i 119 f.Kr., under Han-dynastiet. Byen ligg ut mot Gulehavet og har drive utvinning av store saltfelt sidan han vart oppretta. I dag lever folk i første grad av næringsmiddelindsustri.
Området var ein viktig krigsskodeplass under den kinesiske borgarkrigen mellom kommunistar og nasjonalistar i 1930- og 40-åra.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Yancheng» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Yancheng» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mars 2011.