Yinchuan
| 银川 (pinyin yínchuān) | |
|---|---|
| Land Provins |
Folkerepublikken Kina Ningxia |
| Borgarmeister | Wang Rugui |
| Flatevidd | 6 942,86 km² |
| Flatevidd • By |
4467 km² |
| Innbyggjarar • By - folketettleik |
1,654,300 370,3/km² |
| Koordinatar | 38°28′N 106°16′E / 38.467°N 106.267°E |
| Høgd | 1100 m |
| Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
| Postnummer | 750000 |
| Retningsnummer | 951 |
| Bilnummer | A |
| Nettstad: http://yinchuan.gov.cn | |
|
| |
Yinchuan er hovudstaden i den autonome provinsen Ningxia i Folkerepublikken Kina, og tidlegare hovudstad av det vestlege Xia-riket. Byen har om lag 1,6 millionar innbyggjarar, men eksplosiv folkevekst i området og landet generelt gjer at ein manglar nøyaktige tal. Namnet «Yinchuan» tyder 'Sølvdal'.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg 1100 meter over havet, midt på Ningxia-sletta, i ly av Helan-fjella vest for byen, og unslepp soleis dei verste sandstormane frå Mongolia. Den gule elva renn gjennom byen frå sørvest til nordaust.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Yinchuan har eit temperert kontinentalt klima, med ein årleg gjennomsnittstemperatur på 8,5 grader Celsius. Gjennom eitt år har byen i snitt 200 millimeter nedbør, og 158 frostfrie dagar. Byen ligg utsett til for sandstormar, og temperaturane kan endra seg relativt kjapt.

