Zell am See

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
På bortsida av fjellvatnet Zeller See ser ein til høgre gamlebyen i Zell am See, til venstre sørbyen av Zell am See

Zell am See er ein by og ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen omfattar eit areal på 55,1 km² og har i kring 9 600 ibuarar. Byen, som ligg 757 meter over havet, er distriksthovudstad i Pinzgau. Zell am See ligg på vestbreidda av fjellvatnet Zeller See.

Byen har vore busett sidan bronsealderen. I 740 grunnla kristne munkar Cella in Bisonzio her på oppdrag frå erkebiskop Johannes. Staden vart i 1357 kjøpstad og fekk byrettar i 1928.

Saman med grannekommunen Kaprun i sørvest er Zell am See ein ynda turistmål med over to millionar overnattingar per år.

Kombinertrennaren Felix Gottwald er frå Zell am See. hej

Kjelder[endre | endre wikiteksten]