Zhangjiajie


Zhangjiajie (kinesisk: 张家界; pinyin: Zhāngjiājiè) er eit byprefektur nordvest i provinsen Hunan i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet, som grensar mot provinsen Hubei, har eit areal på 9 516 km² og eit berekna folketal på 1,6 millionar.
Det verna fjellområdet Wulingyuan ligg i byprefekturet. Også Fengtan-demninga, med ein 113 meter høg bogedam i You-elva, ligg i Zhangjiajie.
Byprefekturet Zhangjiajie omfattar to distrikt (区 qū) og to fylke (县 xiàn).
Næring[endre | endre wikiteksten]
Turisme er viktigaste næringa i Zhangjiajie.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Zhangjiajie har ei stor lufthamn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Zhangjiajie» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Zhangjiajie» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2012.