Zhanjiang
| Zhanjiang | |||
| byprefektur | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Areal | 13 262,59 km² | ||
| Folketal | 6 981 236 (2020) | ||
![]() Zhanjiang 21°11′48″N 110°24′11″E / 21.196667°N 110.403056°E | |||
| Wikimedia Commons: Zhanjiang | |||
Zhanjiang (forenkla kinesisk 湛江, pinyin Zhànjiāng) er eit byprefektur heilt i sørvest i provinsen Guangdong ved Kinas kyst mot Sørkinahavet. Prefekturet har eit areal 12 490 km2 og eit folketal på 6 902 400 (2008). Sjølve byen Zhanjiang hadde 568 000 innbyggjarar i 2004. Byprefekturet Zhanjiang består av fire distrikt, tre byfylke og to fylke.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Riksveg 207 i Kina går gjennom området. Han byrjar i Xilinhot i Indre Mongolia nær grensa til Mongolia, går sørover og endar i Hai'an, ein by i Xuwen fylke sør på Leizhouhalvøya lengst sørvest i provinsen Guangdong. Også Kinas riksveg 325 (Guangnanvegen) går gjennom området. Han fører vestover frå Guangzhou i Guangdong til Nanning i den autonome region Guangxi.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zhanjiang var til 1898 ein fiskarlandsby. Franske styrkar erobra byen og grunnla ein handelskoloni. Kinesiske styresmakter vart tvinga til å inngå ein avtale om å bortpakte området, kalla Guangzhouwan, til Frankrike for 99 år. Franskmennene utvikla hamna og kalla henne Fort Bayard. Sidan området rundt hamnebyen var fattig, vart ikkje den økonomiske utviklinga som i Hong Kong eller i Macao. Byen vart tilbakeført til Kina i 1946.
Byen opplevde sterk vekst, særleg etter Deng Xiaoping kom til makt i Folkerepublikken Kina. Byen har djupvasshamn og ligg lagleg til for transport til rike område langs den sørkinesiske kysten.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Zhanjiang» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2011.

