Deduksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Deduksjon (frå latin deducere, å utleia) er ein metode for å draga logiske slutningar om einskildting ut frå ålmenne observasjonar, og er det motsette av induksjon. I vitskaplege granskingsopplegg er deduksjon å utleia problemstillingar frå ein teori som skal testast - ein prøver generelle teoriar opp mot empiriske tilfelle.

Eit døme på deduksjon kan vera den ålmenne observasjonen om at «når det regner er gata våt». Frå denne observasjonen skal ein kunna slutta/dedusera at i eit tilfelle der det regner, so er ogso gata våt.

Matematikk[endre | endre wikiteksten]

I matematikk er deduksjon det å trekkje konsekvensar av aksiom, definisjonar og alt beviste teorem.

Jus[endre | endre wikiteksten]

I ein sivilprosess kalla ein tidlegare den første framstillinga til saksøkaren av saka for retten. Dette innlegget vert no kalla innleiingsføredrag.