Kvalfangst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mannskapet på Albert Grimaldi (seinare fyrst Albert I av Monaco) sitt forskingsfartøy «Princesse Alice» poserer medan dei reinsar ein fangst.

Kvalfangst er jakt på kval. Kvalane vert jakta for kjøt og olje. Dei tidlegaste formene for kvalfangst går attende til minst 3000 fvt.[1] Forskjellige kystsamfunn har i lange tider levd av kvalfangst og stranda kvalar. Industrialiseringa av kvalfangsten oppstod med organiserte flåtar på 1600-talet, konkurrerande nasjonale kvalfangstselskap på 1700- og 1800-talet og innføringa av kvalkokeri på første halvdelen av 1900-talet.

Etter kvart som teknologien vart betre og etterspurnaden etter ressursane auka, vart det fanga kval langt over den berekraftige grensa for bestandane. Seint i 1930-åra vart det drepe meir enn 50 000 kval kvart år[2] og midt på 1900-talet byrja det å verte faretruande lite kval att. I 1986 forbaud Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) kommersiell kvalfangst, slik at bestanden kunne kome seg på fote att.

Sjølv om forbodet har vore ein suksess for å hindre utrydding av kvalartar på grunn av overfiske, er den pågåande kvalfangsten eit omstridd tema. Land som Noreg og Japan er for kvalfangst, og ønsker å oppheve forbodet på bestandar dei meiner det finst nok til å kunne jaktast på. Land og miljøgrupper som er imot kvalfangst seier at kvalartane framleis er sårbare og kvalfangst er umoralsk, uhaldbart og bør gjerast permanent forbode.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Whaling». Britannica Online Encyclopedia. 2001. Henta 2. desember 2012. 
  2. Francis, Daniel. «Whaling». The Canadian Encyclopedia. The Historica Dominion Institute. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 2. desember 2012. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.