Den tunisiske revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demonstrasjon mot regjeringspartiet RCD i Tunis 20. januar 2011.

Den tunisiske revolusjonen, også kjend som Sjasminrevolusjonen, var ein folkeleg oppstand mot styret til president Zine El Abidine Ben Ali som byrja i desember 2010. Opprøret blei utløyst av sjølvpåtenninga til fruktseljaren Mohamed Bouazizi den 17. desember. Demonstrasjonar og sivil ulydnad i ei rekkje byar førte til at presidenten gjekk av og forlét landet den 14. januar 2011. Oppreisten førte vidare til at regjeringspartiet Rassemblement Constitutionel Démocratique (RCD) og overvakingspolitiet i landet blei oppløyste.

Over 200 døydde i opprøret og ei rekkje blei skadde, mange av dei gjennom maktbruk frå politiet.[1][2] Revolusjonen inspirerte til opprør i ei rekkje andre land i Afrika og Midt-Austen, mellom anna Den egyptiske revolusjonen i 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
Spire Denne samfunnsartikkelen som har med Tunisia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.