Steinhelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hus med steinheller på taket.
Produksjon av tynne, regelmessige heller til taktekking, såkalla skifer, har vore storindustri mange stader.

Steinhelle eller berre helle er ein flat, tynn eller ganske tjukk stein som er tillaga eller naturleg forma. Heller kan til dømes brukast som dørhelle, golvhelle, takhelle og mykje meir. Baksteheller var i gamal tid laga av skifrig kleberstein[1], og nøyaktig tilhogde skiferheller til taktekking er ofte å sjå på hustak i byar og på landsbygda over heile Europa. Steinheller som skal nyttast til byggjemateriale og anna er såleis ofte laga av naturstein med benking, som gjer at dei lettare deler seg i flater.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.