Brukardiskusjon:Zanity

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Velkommen![endre wikiteksten]

Hei og velkommen til Nynorsk Wikipedia, Zanity! Her kjem nokre lenker, der du kan...

For annan informasjon om Wikipedia og arbeidsoppgåver kan du vitja arbeidskontoret, og på samfunnshuset kan du ta opp spørsmål og diskutere saker som har med Wikipedia å gjera. Dersom du lurer på noko er det berre å spørje! Anders 7. september 2009 kl. 21:31 (CEST)[svar]

Titlar og omsetjing[endre wikiteksten]

Det går unna, ser eg! På Nynorsk Wikipedia pleier me ikkje bruka parentesar i titlar (som Distrikt (England)), men noko som kan brukast i vanleg språkføring, som Distrikt i England.

Sidan du ser ut til å omsetja artiklar frå Bokmålswikipedia, bør du opplysa om dette, til dømes ved å skriva det i feltet for Samandrag:, eller ved å bruka mal:Omsett -- du kan lett legga han inn ved å trykka der det står [liminn:omsett|nb] nedst på ei side du endrer på. Det er altså ein del ein må læra seg for å skriva her, men det er ingen som blir sinte om du gjer feil! --Ranveig 11. september 2009 kl. 19:18 (CEST)[svar]

Bra arbeid! Kan òg føye til at alle artiklar helst skal inn i kategoriar. Ser du har lagt til nokre i kategoriar alt. Andre kan også gjere dette sjølvsagt, men om du gjer det i same slengen så sparar du litt arbeid for andre. --Frokor 11. september 2009 kl. 19:23 (CEST)[svar]

Svar[endre wikiteksten]

Ja her går det unna, hehe! Takk for at du seier ifrå, er litt fersk her, men skal sørge for å få alt på plass.--Zanity 29. november 2009 kl. 22:57 (CEST)[svar]

Mykje bra![endre wikiteksten]

Hei igjen. Du gjer framleis mykje bra arbeid her, men det er likevel eit par ting eg vil ta opp som me gjer annleis her i forhold til på bokmålsutgåva.

  • «Eksterne linker/lenkjer/lekker» og liknande pleier me kalla «Bakgrunnsstoff»
  • Referansar kallar me anten fotnotar eller kjelder. Kjelder om det vert vist til kjelder, eller fotnotar om det er ein faktisk fotnote/kommentar e.l.
  • Oppbygginga nedst på ein wikipediaartikkel (dette gjeld samtlege språk trur eg) er at iw-lenkjene (til dei andre språka) skal stå nedst. Ingenting skal stå under desse. Over iw-lenkjene kjem kategoriane. Ingenting anna i mellom desse bortsett frå merker som viser at det finst «stjerneartiklar» på andre språk. Over kategoriane kan du plassere kjeldene og bakgrunnsstoff, medan sjølve artikkelen kjem over der igjen.
  • Når du nyttar omsettmalen må du anten fylle feltet «|tittel=» eller fjerne denne delen heilt. Om du fjernar han heilt vil peikaren vise til ein artikkel på bokmål (eller eit anna språk du vel) med akkurat det same namnet som den nynorske artikkelen. Om artikkelen på bokmål har eit anna namn, så må du skrive inn namnet på denne artikkelen, {{liminn:omsett|nb|tittel=NAMN}}. Om bokmålsartikkelen syner til kjelder/referansar, så bør du i tillegg legge til {{liminn:omsett|nb|tittel=NAMN|kjelder=}} og så legge til anten kjeldene eller legge til {{fotnoteliste}} som du finn som ein knapp under redigeringsvindauget.

Ellers må du berre spør om det er noko du lurer på! :-) --Frokor 26. september 2009 kl. 22:52 (CEST)[svar]

Svar[endre wikiteksten]

No er eg heilt kjend med nynorsk wikipedia, takk for alle tipsa, hehe. --Zanity 29. november 2009 kl. 22:59 (CEST)[svar]

Så du er ein godding? :-) Eg er faktisk halvt godding sjølv. Far min er frå Erevik. Naustet til høgre på bilete på sida di var farfar min sitt. --Frokor 1. desember 2009 kl. 09:36 (CET)[svar]

Svar[endre wikiteksten]

Ja, hehe, det er eg! Såpass ja, så stilig! :-) Frå Erevik ja, eg kjem frå Katla, ein liten stad over haugen, litt lenger ut mot vesthavet. No bur du i Bergen du, eller?--Zanity 1. desember 2009 kl. 09:45 (CET)[svar]

Kjenner til Katla ja, like ved Skinnhueneset, Noregs tøffaste stadnamn! Eg held til i Bergen. --Frokor 1. desember 2009 kl. 10:30 (CET)[svar]

Bilde[endre wikiteksten]

Apropos bilde. Alt som skal brukast her må ha ein fri lisens. Det gjeld både brukarbilde (så om du Zanity kan legga inn ei "Eg tok dette bildet sjølv"-utsegn og ein lisens (t.d. {{cc-by}} eller {{PD-self}}) hadde det vore fint) og stader, som Fil:Goddo.jpg. Sidan den som la inn dette bildet aldri har kome tilbake og stadfesta noko om det, er eg redd for at det nok må slettast. Kanskje me kan få eit nytt frå vår mann på Bømlo? --Ranveig 1. desember 2009 kl. 11:41 (CET)[svar]

Svar[endre wikiteksten]

Det skal eg fikse med det same, hehe! Eg skal sørge for å få tatt mange fine bileter frå Goddo og tettstadar på øya.--Zanity 1. desember 2009 kl. 12:05 (CET)[svar]

  • No har eg oppdatert artikkelen med eit bilete frå Katla, ein tidlegare småbruksgard på Goddo øy. Biletet visar holmar ute i havet, og er teke frå fjellet.
Så flott, det må eg sei gjekk fort! --Ranveig 1. desember 2009 kl. 12:43 (CET)[svar]
Hehe, ja. Skal få tatt nokre fleire bileter òg, men det kjem nok ikkje idag.--Zanity 1. desember 2009 kl. 12:57 (CET)[svar]

Mal for føretak[endre wikiteksten]

Finnes det nokre malar som høvar seg å nytta som infoboks til organisjonar, selskap, føretak og liknande?--Zanity 1. desember 2009 kl. 13:14 (CET)[svar]

Me ser ut til å ha Mal:Infoboks organisasjon (veldig liten) og Mal:Infoboks Organisasjon (har ikkje valfrie punkt). Den siste kan me nok gjera meir fleksibel, og bruka. --Ranveig 1. desember 2009 kl. 15:02 (CET)[svar]
Ja, det er vel det beste foreløbig. Vert det laga fleire malar etter kvart? --Zanity 1. desember 2009 kl. 15:14 (CET)[svar]
Ja, kven som helst kan laga ein mal om han ser ein mangel, som her. Prøv deg gjerne fram, men blir det for komplisert, kan du også masa på dei som har meir erfaring om å laga dei til. --Ranveig 1. desember 2009 kl. 16:06 (CET)[svar]
Det er greit, takk for hjelpa! :)

Skjermbilde frå program som er verna av opphavsretten er nesten alltid også verna av opphavsrett. Me kan derfor som regel ikkje ha med bilde av Windows-program o.l. --Ranveig 1. desember 2009 kl. 18:47 (CET)[svar]

Ja, eg var litt usikker, i og med at eg ikkje fann nokre andre bilete av Microsoft sitt materiell. Då vert biletet fjerna, stemmer ikkje det? --Zanity 1. desember 2009 kl. 18:54 (CET)[svar]

Ja, har gjort det no. --Ranveig 1. desember 2009 kl. 19:44 (CET)[svar]

Hallo Gaute. Artiklane dine: "Ekonet" og "Gaute Huus" har vorte sletta. Det er ikkje kjekt å slette, særleg ikkje det som er skreve med positiv innstilling. I eit leksikon må det ein skriv om vere kjendare og ha meir ålmenn interesse enn ein kan seie desse artiklane hadde. Det kan elles vere krevjande å vere objektiv om ein skal skrive om seg sjølv eller om noko ein har tilknyting til. Men stå på vidare. Du har mange gode artiklar som skal skrivast :)--Andreasv 2. desember 2009 kl. 08:37 (CET)[svar]

Skjønar, det er heilt greit.