Úhlava
Utsjånad
Úhlava | |||
elv | |||
Úhlava i fjella Šumava
| |||
Land | Tsjekkia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 919 km² | ||
Lengd | 108 km | ||
Middelvassføring | 5,78 m³/s | ||
Kjelde | Šumava | ||
• høgd | 1 110 moh. | ||
Munning | Radbuza | ||
Úhlava 49°10′33″N 13°14′53″E / 49.175962°N 13.248159°E | |||
Wikimedia Commons: Úhlava |
Úhlava (tysk Angel) er ei 108 km lang elv i Tsjekkia, og ei av sideelvane til Radbuza. Ho har sitt utspring om lag 1110 moh. på den vestre sida av fjellet Pancíř (1214 m) i fjellkjeda Šumava. Ho renn mot nordvest og sidan nordover gjennom landsbyane Nýrsko, Janovice, Bezděkov, Klatovy, Švihov, Lužany, Preštice og Štěnovice før ho munnar ut i Radbuza i Plzeň.
Ei av dei største sideelvane hennar er Chodská Úhlava. Elva har eit nedslagsfelt på 919 km² og middelvassføring ved Štěnovice er 5,78 m³/s.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Úhlava» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.