Þórarinn B. Þorláksson
Þórarinn B. Þorláksson | |
Statsborgarskap | Island |
Fødd | 14. februar 1867 Undirfell |
Død |
10. juli 1924 (57 år) |
Yrke | kunstmålar |
Þórarinn B. Þorláksson på Commons |
Þórarinn Benedikt Þorláksson (14. februar 1867–10. juli 1924) var ein islandsk målar, den fyrste islendingen som studerte målarkunst i utlandet. Han var også den fyrste målaren som fekk offentleg stønad. Ved sidan av Ásgrímur Jónsson, Jóhannes Kjarval og Jón Stefánsson vert han rekna som pionerane i islandsk målarkunst. Þórarinn måla i hovudsak landskapsbilete.
Þórarinn var nest eldst i ein syskenflokk på 14. Faren, som var prest i Undirfelli í Vatnsdal, døydde då Þórarinn var fem år gammal. Þórarinn lærde å binde bøker og leia ei tid arbeidet på ein verkstad som dreiv med bokbinding. År 1900 fekk han stønad frå Alltinget for å studere kunst i Danmark. Våren 1905 vart han den fyrste islendingen som vart uteksaminert frå kunstakademiet i København. Då han kom tilbake til heimlandet reiste han rundt på Island og måla ulike landskapsmotiv. Seinare stilte han ut verka síne i Glasgow, den fyrste eigenlege måleriutsillinga av ein islandsk kunstnar.
Frå 1916 til -22 var Þórarinn styrar for den nyskipa tekniske skulen i Reykjavik, der han underviste i teikning. Samstundes dreiv han ein bokhandel og gav ut ei avis.
Þórarinn døydde av eit hjarteåtak på sommarbustaden sín ved Laugarvatn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Þórarinn B. Þorláksson» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2014.