İzmit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
İzmit
by
Land  Tyrkia
Region Marmararegionen
Provins Kocaeli
Høgd 100 moh.
Koordinatar 40°46′N 29°55′E / 40.767°N 29.917°E / 40.767; 29.917
Areal 3 524 km²
Folketal 300 611 [1]
Folketettleik 85 / km²
Borgarmeister İbrahim Karaosmanoğlu
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 41xxx
Retningsnummer (+90) 262
Bilnummer 41
Kart
İzmit
40°46′19″N 29°56′59″E / 40.7718818°N 29.9497846°E / 40.7718818; 29.9497846
Wikimedia Commons: İzmit
Nettstad: Kocaeli Metropolitan
Municipality

Izmit (tidlegare Nikomedeia) er ein by i Tyrkia og det administrative senteret i provinsen Kocaeli, samt kommunen Kocaeli. Han ligg ved Izmitbukta i Marmarahavet, kring 100 km aust for Istanbul. Byen har kring 300 000 innbyggjarar, med 1,4 millionar innbyggjarar i storbyområdet. Han har ei historie som går attende til 300 fvt.

Næringslivet består for det meste av kjemisk industri.

Byen ligg langs Europaveg 80. Det går òg ein jernbane gjennom byen frå Istanbul til Ankara.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken låg Nikomedeia, grunnlagd 264 fvt. av Nikomedes I av Bithynia her og var ein av dei viktigaste byane i Vesleasia. Diokletian gjorde den til hovudstad i den austlege rikshalvdelen. Konstantin residerte òg i byen. Sidan har byen vorte mindre viktig. Her finst historiske minnesmerke som omfattar restane av bymurane og ei austromersk festning, samt ein moské frå 1500-talet bygd av den kjente arkitekten Sinan.

Byen fekk store skadar i samband med eit jordskjelv den 17. august 1999, der kring 19 000 menneske omkom.

Klima[endre | endre wikiteksten]

İzmit har eit fuktig subtropisk klima (Köppen si klimaklassifisering Cfa), med innslag av maritimt og kontinental klima. Somrane er varme og særs fuktige, og den gjennomsnittlege maksimumstemperaturen er kring 29 °C i juli og august, sjølv om temperaturane vanlegvis går over 30 °C i juni, juli, august og september. Vintrane er kjølige og fuktige, og den lågaste gjennomsnittlege minimumstemperaturen er kring 3 °C i januar. Nedbørmengda er høg og jamt fordelt over året, men minst på sommaren. Det er forholdsvis vanleg med snø frå desember til mars.

Vêrdata for İzmit
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 9,6 10,5 13,2 18,4 23,1 27,5 29,4 29,3 25,8 20,6 15,7 11,4 19,5
Døgnmiddeltemperatur °C 6,2 6,5 8,6 13 17,4 21,8 23,8 23,6 20,1 15,9 11,5 8,2 14,7
Gjennomsnittleg min °C 3,4 3,4 5 8,8 12,8 16,9 19,2 19,4 16 12,5 8,3 5,4 10,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 91,3 74,9 72 55,3 45,9 50,4 39,2 54,2 50,6 94,5 87,2 107,8 823,3
Gns. solskinstimar i månaden 71,3 78,4 124 162 223,2 267 282,1 266,6 207 142,6 102 74,4 2 000,6
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Büyükşehir belediyeleri ve bağlı belediyelerin nüfusları - 2011, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 22. august 2012 
  2. «Kocaeli Merkez (İzmit)». Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü. Arkivert frå originalen 13. mars 2011. Henta 14 March 2011.