Diokletian av Romarriket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Diokletian)
Hopp til navigering Hopp til søk
Diokletian
Diocletien Vaux1.jpg
Romersk keisar
Fullt namnValerivs Diocletianvs (Diocles), som keisar Imperator Caesar Gaius Aurelius Valerius Diocletianus Pius Felix Invictus Augustus
Fødd22. desember 244
FødestadSalona
Død3. desember 311
DødsstadSplit
GravstadCathedral of Saint Domnius
FøregangarNumerian og Carinus
EtterfølgjarGalerius og
Constantius I
Gift medPrisca
DynastiTetrarkiet
BornGaleria Valeria

Gaius Aurelius Valerius Diocletianus (22. desember 2363. desember 311), født Diocles, var romersk keisar som Diokletian frå november 284 til 1. mai 305. Diokletian avslutta perioden kjend som krisa i det tredje hundreåret (235-284). Han etablerte eit autokratisk regjeringssystem, og var ansvarleg for å leggja grunnarbeidet for den andre fasen i historia til Romarriket, kjend som dominatet. Diokletian gjenreiste keisarriket, og reformene hans la i stor grad grunnlaget for at Romarriket skulle overleva i fleire hundreår etter han.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Diokletian var fødd i Dalmatia som Diocles eller Diocles Valerius.[1] Han skal ha vore son av ein skrivar eller ein frigjeven slave. Han gjorde karriere som hærførar under Probus, og blei seinare romersk konsul.

Keisar[endre | endre wikiteksten]

Då keisar Numerian døydde i 284 utropte offiserane hans Diokletian til ny keisar. I 285 vann han herredømet over heule Romarriket etter å ha sigra over broren tilNumerianus, Carinus. Kort tid seinare delte han regjeringsmakta med ein medkeiser (augustus), Maximianus, og i 293 utnemnde dei kvar ein underkeisar (caesar), Galerius og Constantius Chlorus. Denne styreforma blei kalla tetrarkiet (firemannsvelde).[2]

Deretter gjennomførte Diokletian ei stor provinsreform der riket blei delt inn i nye og mindre provinsar, med auka sivilt byråkrati, medan den militære administrasjonen blei samla i 12 store område (diokesar).[2] Den øvste inndelinga var fire riksdelar, der kvar keisar styrte sjølvstendig. Diokletian fjekk sjølv austedelen med Nikomedeia, Maximianus fekk Italia og Afrika med Milano, Galerius fekk Illyricum og Hellas med Sirmium og Constantius fekk vestdelen med Trier (eller York) som hovudstad. Det borgarlege styret av landet blei helt skild frå det militære. Det romerske senatet tapte tydinga si fullstendig, og Roma blei tilsidesett for Milano.[2]

I 303 byrja Diokletian ei planmessige kristenforfølging over heile riket. Kyrkjer blei stengde, heilage skrifter brende og kristne blei tvinga til å utføra heidenske ofringar. Mange kristne blei drepne, men forfølgingane stogga ikkje framgangen til kristendommen.[2]

I 305 sa Diokletian og Maximianus frå seg regjeringsmakta, dei to underkeisarane rykka opp til overkeisarar og det blei vald nye underkeisarar. Diokletian levde ut livet i Spalatum i Dalmatia (noverande Split i Kroatia), men opplevde at tronfølgjesystemet hans rakna.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aurelius Victor 39.1; Potter, 648.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Iddeng, Jon Wikene (30. september 2019). «Diokletian». Store norske leksikon (på norsk).