Olav Gisle Øvrebø
Olav Gisle Øvrebø | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. juli 1989 (35 år) |
Yrke | Forfattar |
Periode | 2011- |
Debut | Barn som leikar |
Olav Gisle Øvrebø (fødd 19. juli 1989) er ein norsk forfattar frå Luster kommune.
Han debuterte i 2011 med den nynorske diktboka Barn som leikar på Flamme forlag. Boka handlar om drapssaka på James Bulger frå Liverpool i 1993. Drapsmennene var to gutar på ti år. Øvrebø lever seg inn i bakgrunnen og situasjonen til drapsmennene, og dikta er ei blanding av fakta og fiksjon.
Boka har fått både positiv og negativ omtale. I Klassekampen vart det skrive om henne at «Gjennom å gjera noko som ikkje er gjort før, utvidar ho poesien sitt virkeområde. Og dikta er velskrivne, diktsamlinga velkomponert.» I same artikkel vart samlinga kritisert for å laga spekulativ underhaldning av grusame mordgåter.
Vigdis Hjorth kommenterte diktsamlinga på fylgjande måte: «Les diktene og husk på en annen måte. En særlig stemme. Et originalt blikk. Klokt om ugjerninger.»
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]Bøker
[endre | endre wikiteksten]- 2011 – Barn som leikar (Oslo: Flamme). ISBN 978-82-02-36810-4
I bøker - eit utval
[endre | endre wikiteksten]- 2008 – Faen ta tyngdekrafta : vinnerdikt fra videregående (Oslo: Gyldendal). ISBN 978-82-05-38688-4 [Av innhaldet: Sakkeus / Olav Gisle Øvrebø]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Omtale av Olav Gisle Øvrebø på Flamme forlag
- Klassekampen, 12. november 2011: «Provoserande dokumentardikt»