Klassekampen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klassekampen
Klassekampen logo.gif
TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd1969
EigararRaudt (20 %), Klassekampens Venner (15), Fagforbundet (15), Oktober forlag og Pax forlag (10), Industri Energi (5), småaksjonærar (35)
Redaktør(ar)Mari Skurdal
SpråkNorsk
Politisk tilknytingSosialistisk
Opplag23 414 (2016)
Nettstadwww.klassekampen.no

Klassekampen er ei dagsavis for venstresida i norsk politikk. Avisa vart grunnlagd i februar 1969 som ei månadsavis. Ho har utvikla seg til ei uavhengig venstre-radikal avis med fylgjande føremålsparagraf:

Avisa Klassekampen skal drive en seriøs, kritisk journalistikk, med allsidige politiske og økonomiske avsløringer av utbytting, undertrykking og miljøødeleggelser – samt inspirere og bidra til ideologisk kritikk, organisering og politisk kamp mot slike forhold, ut ifra et revolusjonært, sosialistisk grunnsyn.

Ansvarleg redaktør er Mari Skurdal (f.o.m. august 2018).

Avisa har ein relativt stor del av stoffet sitt på nynorsk.

Historie og namn[endre | endre wikiteksten]

Avisa er oppatt-kalla etter organet til Norges Socialdemokratiske Ungdomsforbund, stifta i 1903.

Avisa vart altså grunnlagd i 1969, omtrent samtidig som striden i Sosialistisk Folkeparti (SF) (no Sosialistisk Venstreparti) tilspissa seg. Avisa vart talerøyr[1] for ungdomsorganisasjonen SUF(m-l) (seinare Arbeidernes Kommunistparti (AKP)) som då braut ut av SF. I januar 1973 gjekk avisa over til å bli ei vekeavis. Ho gjekk då også over til å bli det formelle organet for det nystifta partiet AKP (m-l). Frå januar 1976 gjekk dei over til å gje ut to aviser i veka, og sidan 1. april 1977 gjekk dei over til daglege utgjevingar.

Ein av dei økonomisk krisene som råka avisa, førte til at nokre av satsingane til avisa, vart lagt ned [i 1979]: jordbruksavisa Sigden, Sámiid Hilat (ei avis på samisk), og ei avis for såkalla framandarbeidarar.[2]

Frå 1991 har avisa vore ei uavhengig venstresideavis.

Opplagstal-utvikling[endre | endre wikiteksten]

Netto opplagstal - frå Mediebedriftenes Landsforening:

  • 1980: 7 219
  • 1981: 7 633
  • 1982: 7 685
  • 1983: 7 920
  • 1984: 8 008
  • 1985: 7 780
  • 1986: 8 020
  • 1987: 8 110
  • 1988: 8 185
  • 1989: 8 449
  • 1990: 8 206
  • 1991: 9 232
  • 1992: 10 042
  • 1993: 9 692
  • 1994: 9 822
  • 1995: 9 103
  • 1996: 7 796
  • 1997: 8 087
  • 1998: 6 506
  • 1999: 6 477
  • 2000: 6 557
  • 2001: 6 648
  • 2002: 6 929
  • 2003: 7 178
  • 2004: 7 512
  • 2005: 8 759
  • 2006: 10 109
  • 2007: 11 386
  • 2008: 12 109
  • 2009: 13 265
  • 2010: 14 390
  • 2011: 15 390
  • 2012: 16 353
  • 2013: 17 648
  • 2014: 19 253
  • 2015: 21 648
  • 2016: 23 414
Utviklinga i Klassekampens netto opplagstal
(Raud for papir, rosa for digital del. I 2018 vart digital, del av abonnement på papiravis.)

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Sjefsredaktørar[endre | endre wikiteksten]

Redaktør til 2018, Bjørgulv Braanen
Jon Michelet, redaktør frå 1997 til 2002.
Foto: John Erling Blad, 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. «Fullsatt kirke da Jon Michelet ble bisatt». Dagsavisen Moss Dagblad. 27. april 2018. 
  2. Svein Lund. «Klassekampen i nord - før og no». Klassekampen. 2018-07-21. S. 43. «Kronikk & Debatt [...] Sámiid Hilat. [...] Avisa hadde ein eigen redaksjon. I tråd med den tidas «sikkerhetspolitikk» var denne ikkje publisert, men eg kan vel i dag røpe at eg var med der og skreiv nokre av dei anonyme artiklane i avisa»
  3. Alf Skjeseth (9. juni 2018). «Braanen går fra borde». Klassekampen. Henta 9. juni 2018. «Jobben med å finne ny ansvarlig redaktør etter Bjørgulv Braanen starter neste uke [...]» 
  4. 2018-07-02. Klassekampen. S 26

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Rune Ottosen og Bjørn Westlie, Da «Klassekampen» ble dagsavis, i Tvedt, Terje, (ml) : en bok om maoismen i Norge. Oslo 1989, Ad Notam. ISBN 82-417-0023-7
  • Alf Skjeseth: Sykle på vatnet - historia om Klassekampen. Samlaget, Oslo 2011. ISBN 978-82-521-7538-7