«Magga Dan»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Magga Dan (1963)
Karriere (Danmark)
Namn: «Magga Dan»
Eigar: J Lauritzen Lines
Verft: Aalborg Vaerft
Sjøsett: 1956
Lagnad: Opphogd 1984 i Belgia
Generelle mål
Klasse og type: Isbrytar
Lengd: 75,135 m
Breidd: 13,72 m
Draft: 6 m
Fart: 12 knop
Rekkevidd: 16 000 nm
Kapasitet: 35 passasjerar

«Magga Dan» var ein isbrytar som vart nytta i teneste for Australia i Antarktis i 1950- og 1960-åra. Etter suksessen med «Kista Dan» bygde det danske selskapet J Lauritzen Lines to skip til av same type, men større og kraftigare. «Magga Dan» og «Thala Dan» vart begge bygde og forsterka for fart i polare farvatn.

«Magga Dan» vart bygt i 1957 ved Aalborg Værft i Danmark. «Magga Dan» hadde ein marsjfart på 12 knop med opp mot 35 passasjerar. Både Magga og Thala Dan var utrusta med iskniv og ekstra vern på ror og propell.

Den første kvinna som reiste med Australian National Antarctic Research Expeditions (ANARE) reiste med «Magga Dan» i 1961. Dette var Nel Law, kona til Phil Law, som då var direktør i Antarctic Division, og det var noko kontroversielt at ho hadde fått godkjenning av den australske utanriksministeren til å vere med på denne reisa. «Magga Dan» var i drift for ANARE frå 1959 til 1961.

I 1969 segla skipet under norsk flagg som M/S «S Nicolau» og i 1972 vart skipet seld til Somalia og omdøypt til M/S «Sierra» før det i 1976 vart seld attende til Noreg og fekk det nye namnet M/S «Calulo». I 1981 vart skipet seld på ny og fekk namnet M/S «Bouvet». Skipet kom til Vrengen i september 1983 og vart lagt i opplag. I oktober 1984 vart det slept til Gent for opphogging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]