Ágnes Farkas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ágnes Farkas

Ágnes Farkas (fødd 21. april 1973) er ein ungarsk tidlegare handballspelar frå Budapest som vart europameister i 2000. Perioden 1995-2003 var ho elles med om å vinne to VM-sølv, OL-sølv og EM bronse for Ungarn sitt landslag. Farkas var venstre rykkromspelar kjend som ein av dei aller beste skyttarane i si tid som aktiv.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Farkas var aktiv på fire av toppklubbane i heimlandet. Fem gongar i tida 1991-2002 vart ho ungarsk seriemeister, fire av triumfane kom med ho spelte for Ferencvárosi TC. 1996/97-sesongen vart ho tysk cupmeister med Borussia Dortmund, deretter vart ho seriemeister i Kroatia med Podravka Koprivnica i både 1998 og -99. Farkas la opp i 2005 etter to sesongar med spel for danske Aalborg DH.

Frå 1993 til 2004 var Farkas den store målskåraren for Ungarns sterke landslag i handball. På 204 landskampar skåra ho 941 landslagmål. Ho vann sølv i VM 1995 og bronse i EM 1998. I 2000 vart det finaletap mot Danmark under dei olympiske sommarleikane i Sydney, før Ungarn og Farkas vann EM-finalen mot Ukraina med 32-30 etter ekstraomgangar, ein kamp der Farkas skåra heile 14 mål. I verdsmeisterskapen 2003 måtte Farkas nøye seg med sølv, då det ungarske laget kollapsa frå ei stor leiing mot Frankrike, som stakk av med VM-pokalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]