Árja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Árja (Innsatsvilje) er eit norsk samisk politisk parti stifta i 2008 som fyrste gong stilte til val ved Sametingsvalet i 2009. Partileiar er Láilá Susanne Vars.

Partiet stilte liste i fem av dei sju valkrinsane ved valet, og fekk inn til saman tre representantar. I den største valkrinsen etter talet stemmeføre, Ávjovárri valkrins som femner Kautokeino, Karasjok og Porsanger kommunar, var det Árja som fekk flest stemmer og dei fekk inn to kandidatar frå krinsen.[1] Partiet fekk også inn ein kandidat frå Nordre valkrins.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]