Åbyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°59′15″N 9°40′54″E

Fjordsystemet i Grenland

Åbyfjorden er ein liten fjord i Bamble kommune i Telemark. Han er om lag 3 km lang og har innløp frå den større Rognsfjorden som ligg ytst i Langesundsbukta. Åbyfjorden strekkjer seg inn til Åbyelva ved Åby, og den største øya i denne vesle fjorden er Skokleøya. Vinjestranda ligg òg inne i fjorden.

Ytst på nordsida av fjorden ligg eit av Norsk Hydro sine største hytteområde; «Hydrostranda».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]