Ål folkehøyskole og kurssenter for døve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ål folkehøyskole og kurssenter for døve ligg i Ål i Hallingdal. Skulen er landets einaste frilynte folkehøgskule for døve, og opna offisielt i 1974. All undervisning på skulen skjer på teiknspråk. Skulen tar imot opptil 46 elevar årleg. I tillegg til folkehøgskulen er her også omfattande kursverksemd, og tv-produksjonsselskapet Døves Media var tidlegare tilknytt skulen. Skulen er eigd av ei stifting oppretta av Norges Døveforbund. Skulen har gymsal, symjehall og treningsrom.

Skulen har følgjande linjefag for 2015/16:

  • «Aktiv»
  • «Teiknspråk»
  • «Norsk»
  • «Bistand»
  • «Trening og kosthald»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]