Åndalsnes Avis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åndalsnes Avis
SpråkNorsk
Lokalavis forRauma
Opplag3 571 (2014) 
StadÅndalsnes
Ansvarleg redaktørLars Smisethjell
Nettstadandalsnes-avis.no


Åndalsnes Avis er ei avis som vert utgjeven på Åndalsnes i Møre og Romsdal. Avisa er lokalavis for innbyggarane i Rauma kommune og vart grunnlagt i 1926.

Ansvarleg redaktør er Lars Smisethjell. Avisa kjem ut tre dagar i veka, tysdag, torsdag og laurdag.

Driftselskapet heiter sidan 1. september 1983 Åndalsnes Avis AS og er 100 % eigd av Romsdals Budstikke AS som igjen er ein del av Polaris Media ASA. Omsetjinga i 2007 var på 10,7 millionar kr.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 4 188

2002 4 137
2003 4 092
2004 4 111
2005 4 101
2006 4 125
2007 4 125
2008 4 119
2009 4 035
2010 3 891
2014 3 571

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

  • Åndalsnes Avis
    • 1926-1934 – John Ludvig Larsen var redaktør då Åndalsnes Avis kom med si fyrste utgåve i 1926.
    • 1934-1983 – John N. Larsen tok over etter far sin i 1934 og var redaktør fram til 31. august 1983.
  • Nye Åndalsnes Avis
    • 1983–1993 – Richard Nergaard tok over redaktøransvaret 1. september 1983.
    • 1993–2000 – Øystein Talberg
    • 2000–2002 – Arnt Øyvind Siem
    • 2002–2008 – Per Vidar Kjølmoen
    • 2008–i dag – Lars Smisethjell

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.