Åndalsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åndalsnes
tettstad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Rauma
Areal 2,22 km²
Folketal 2 449  (2023)
Folketettleik 1 103 / km²
Postnummer 6300 ÅNDALSNES
Innbyggjarnamn åndalsnesing
Preposisjon Åndalsnes
Kart
Åndalsnes
62°34′2″ N 7°41′13″ E
Wikimedia Commons: Åndalsnes

Åndalsnes er ein by og administrasjonssenteret i Rauma kommune i Møre og Romsdal, som ligg ved utløpet til elva Rauma i Romsdalsfjorden. Tettstaden har 2 449 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Byen er eit regionalt kommunikasjonssenter. Her ligg endestasjonen for Raumabanen til Dombås, som vidare er tilknytt Dovrebanen (TrondheimOslo). Frå Åndalsnes går vegar til Ålesund (Europaveg 136) og Molde/Kristiansund (fylkesveg 64)

Utsyn over utløpet til Rauma frå Kjerringplassen

Fleire fjell med toppar på over 1500 moh omkransar byen, mellom anna Romsdalshornet, Venjetindan og Trolltindan.

Næringsliv og kultur[endre | endre wikiteksten]

Åndalsnes har noko industri, mellom anna produksjon av mineralprodukt, møbel-, verkstad- og tekstil- og klesindustri. Byen har relativt stor turisttrafikk og er eit senter for fjellklatring. Norsk Fjellfestival blir arrangert her årleg.

På Åndalsnes ligg Norsk Tindemuseum, som viser fram utviklinga av norsk tinde- og klatresport. Årleg blir musikkfestivalane RaumaRock og Trollblues arrangerte i byen.

Åndalsnes har skular til og med vidaregåande nivå. Kulturhuset Rauma kulturhus vart innvigd i 2007, og har kinosal, bibliotek, forestillingssal og øvingslokale. Lokalavisa Åndalsnes Avis blir utgjeven tre dagar i veka.[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Britisk fly skada ved Åndalsnes, frå april 1940.

Namnet Åndalsnes er samansett av gardsnamna Åndal, truleg frå norrønt ǫrn, «ørn» eller ámr, «rustraud, mørk», og Nes. Namnet i denne tydinga er brukt første gong i 1888 om poststaden Aandalsnæs.

I 1860-åra vart vegen ned Romsdalen til gardane Åndal og Nes ferdig, og den nye staden Åndalsnes voks fram. Turistskipa valde etter kvart Åndalsnes som hamn og i løpet av 1880-åra voks staden fram som det nye turistsenteret i Romsdal. Tettstaden vart sentrum i indre Romsdal etter at Raumabanaen opna i 1924. Tidlegare var Veblungsnes (på andre sida av munningen til Rauma) sentrum i distriktet. I 1900 var det over 300 innbyggarar på Veblungsnes, og og 167 på Åndalsnes. Romsdals marked var på Devold til 1820 og vart så flytta til Veblungsnes.[2]

Tidleg i andre verdskrig spelte Åndalsnes ei viktig rolle under felttoget i Noreg 1940. Her vart britiske styrkar landsette 12–17. april. Sentrum av Åndalsnes vart rasert etter tyske bombeangrep ved den tyske invasjonen 23. april 1940. Britane fór frå Åndalsnes 2. mai og la etter seg mykje øydelagt krigsutstyr.

I 1996 vedtok Rauma kommunestyre bystatus for Åndalsnes.[1]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Åndalsnes». Store Norske Leksikon. 
  2. Helland, Amund (1911): Topografisk-statisisk beskrivelse over Romsdals amt. Oslo: Aschehoug.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]