Årdalsfjorden i Sogn og Fjordane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Årdalsfjorden sett frå Indre Ofredal i november 2009.
Foto: Stray Croc

Årdalsfjorden er ein fjordarm av Sognefjorden i Årdal kommune. Han strekkjer seg austover og utgjer den austlegaste delen av fjorden. Lustrafjorden utgjer derimot den inste delen av Sognefjorden. Fjorden har ei lengd på 16 km og strekkjer seg austover til Årdalstangen.

Fjorden har innløp mellom Asalneset i nord og Bermål i sør. Den første grenda innover i fjorden på nordsida er Ytre Offerdal og om lag 2 km lenger inn ligg Indre Offerdal. Litt lenger aust ligg Brennfjellet ved fjorden og strekkjer seg 900 meter nesten rett opp. På sørsida av fjorden ligg Vikadalen Naddvik. Her svingar fjorden nordover og inn til Seimsdalen, på nordsida av fjorden, før den svingar austover igjen og inn til Årdalstangen.

Riksveg 53 går langs sørsida av fjorden. Fylkesveg frå Årdalstangen til Seimsdalen og kommunal veg vidare til Indre Offerdal