Årebrotsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°37′10.625″N 5°0′12.910″E Årebrotsfjorden er ein fjord i Flora kommune i Sogn og Fjordane på nordsida av Florø. Fjorden strekkjer seg 6,5 km frå vest til aust og held fram som Botnafjorden vidare austover.

Fjorden startar i vest mellom Tollaksøya i nord og Ånnøya i sør. I aust endar fjorden mellom Naustholmen, like nord for Florø, og Skutelen. Fjorden er kalla opp etter Årebrotneset som ligg på nordsida av fjorden.