Florø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Florø
stad
Florø by night2.JPG
Kveldsstemning i Florø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Flora
Areal 6,43 km²
Folketal 9 029 (2017)
Folketettleik 1 404 / km²
Preposisjon i Florø
Wikimedia Commons: Florø

Florø er administrasjonssenteret i Flora kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Florø hadde bystatus frå 1860 etter utskiljinga frå Kinn kommune og fram til 1964 då byen vart slegen saman med kommunane Kinn, Bru og Eikefjord til bykommunen Flora. Flora er Noregs vestlegaste by.

Næringslivet i Florø er eksportretta og hovudnæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustrien og servicenæring. Byen er stoppestad for Hurtigruta

Byen trekk folk mellom anna gjennom det årlege Kinnaspelet og ein rockefestival. Helleristingane i Ausevika og Kystmuseet gjev eit historisk perspektiv.

Florø i november 2009
Foto: Hjorthefoto

Florø kommune[endre | endre wikiteksten]

Florø vart skild ut frå Kinn kommune som eigen bykommune i 1860. 1. januar 1964 vart han slått saman med Kinn, Eikefjord, storparten av Bru, og mindre delar av Vevring og Bremanger til den nye storkommunen Flora.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling i Florø
År Innbyggjarar
1865
  
346
1875
  
492
1890
  
669
1900
  
935
1910
  
1 318
1920
  
1 374
1930
  
1 405
1946
  
1 586
1950
  
1 796
1960
  
3 215
1970
  
4 416
1980
  
5 742
1990
  
6 566
2001
  
8 069
2009
  
8 448
2012
  
8 642
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
  • Tala 1865-1950 gjeld bykommunen Florø
  • Tala 1960 gjeld bykommunen Florø (2 002 innb.) og forstadene i Kinn kommune (1 213 innb.)
  • Tala 1970- gjeld tettstaden Florø

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

22. januar 2011 var Florø vertsby for den andre delfinalen i Melodi Grand Prix, og 4. februar 2012 var han vertsby for den tredje delfinalen.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]