Åsarp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°1′30.364″N 13°33′44.204″E

Åsarp
Åsarp in Västra götaland,Sweden.jpg
Wikimedia Commons: Åsarp

Åsarp er ein svensk tettstad i Falköpings kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 579 innbyggjarar. Åsarp ligg ved Riksveg 46 mellom Falköping og Ulricehamn.

Næringslivet består av Fredahl likkistefabrikk, kornproduksjon og mjølkeproduksjon. Staden har òg ein verkstad som importerer, restaurerer og sel gamle, amerikanske bilar.

Staden har røter tilbake til tilbaketrekkinga av istida for 10 000 år sidan. Området er ein del av Arns rike og har ei rekkje attraksjonar som til dømes Olsbrosteinen. Arns rike er ein roman av Jan Guillou og som blei filmatisert i 2007 av Svenska Filminstitutet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]