Åse Hiorth Lervik
Utsjånad
Åse Hiorth Lervik | |||
Fødd | 2. juni 1933 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 3. november 1997 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | litteraturvitar, litteraturhistorikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening |
Åse Hiorth Lervik (fødd 2. juni 1933 i Oslo, daud 3. november 1997) var ein norsk litteraturvitar og professor ved Universitetet i Tromsø.
Ho vart cand.philol. 1961 og dr.philos. i 1971 på ei avhandling om Ibsens versekunst i Brand.[1] I 1972 vart ho professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Tromsø. Ho utgav bøker om kvinnelege forfattarar og skildring av kvinner i norsk litteratur. Ho var redaktør for tidsskriftet Edda og for Nordisk tidsskrift for litteraturforsking frå 1972 til 1985, første året saman med Edvard Beyer.
Universitetet i Tromsø har sidan 1996 delt ut ein årleg pris oppkalla etter Åse Hiorth Lervik for beste masteroppgåve med kvinne- og kjønnsperspektiv.[2]
Ho var styremedlem i Oslo Kvinnesaksforening frå 1969.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Åse Hiorth Lervik: Ibsens verskunst i Brand, U-bøkene 1969
- ↑ Tidligere års vinnere av Åse Hiorth Lerviks pris Arkivert 2016-08-07 ved Wayback Machine. uit.no
- Denne artikkelen bygger på «Åse Hiorth Lervik» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2022.