Æresgalleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Æresgalleri er ei samling av personar som har gjort ein framifrå innsats innan eit visst område, som eit yrke, fagfelt, idrett eller liknande. Ofte er slike æresgalleri knytte til ein særskild bygning eller museum som gjer ære på medlemmene. I andre tilfelle er æresgalleriet meir symbolsk og er ganske enkelt ei liste med viktige personar innan emnet.

Det første æresgalleriet som blei oppretta var Æresgalleriet for framståande amerikanarar (Hall of Fame for Great Americans), som blei grunnlagd av New York University i 1900. Det finst likevel eldre æresgravstader, som Westminster Abbey i London og Panthéon i Paris.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!