Æreslegionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ordensteikn for Æreslegionen.

Æreslegionen (fransk Légion d'honneur) er ein fransk fortenesteorden skipa av førstekonsul Napoleon i Den franske republikken 19. mai 1802. Tanken var å skape ein æresbevisning som skulle erstatte dei kongelege ordenane og æresbevisingane. Desse vart etter revolusjonen opphevd i 1791. Æreslegionen har sidan skipinga overlevd vekslinga mellom republikk og monarki og vert framleis utdelt av den franske staten. Presidenten i Republikken Frankrike er stormeister i ordenen.

Ordensteikn[endre | endre wikiteksten]

Ordensteiknet til Æreslegionen er ei stjerne med fem armar. Mellom armane finst kransar av laurbær og eik. I midten av stjerna sit eit bilete av eit kvinnehovud, eit symbol for republikken. Ordensbandet er i raudt.

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Æreslegionen hadde ved skipinga fire klasser, men alt i 1805 tilført ytterlegare ein klasse. Sidan 1816 har nemninga på dei fem klassane vore fast og desse har vorte retningsgivande for andre forteenstordenar. Dei fem klassane er:

  • Storkors
  • Storoffiser
  • Kommandør
  • Offiser
  • Riddar

Tildeling[endre | endre wikiteksten]

Æreslegionen kan tildelast borgarar av Frankrike og andre land for sivile eller militære fortenester. Ordenen kan òg tildelast posthumt. Innehavarar av første klasse får òg ein pensjon. Tildelinga skjer etter avgjersle frå presidenten eller storkanselliet etter innstilling av ein statsråd.

Norske innehavarar[endre | endre wikiteksten]

Opp gjennom åra er ein del nordmenn vorte tildelt Æreslegionen, vanlegvis fordi dei har gjort ein særskild innsats for franske interesser. Kong Harald V er innehavar av storkors, det var òg Haakon VII og Olav V. Oberst Birger Eriksen er offiser. Andre norske innehavarar er forretningsmann Knut Faremo, skodespelarinne Wenche Foss, kokk og president i Bocuse d'Or Europe Eyvind Hellstrøm, SN si spesialutsending for Libanon Terje Rød-Larsen og Arbeidarpartipolitikaren Oscar Torp. Ved 60-årsmarkeringa av landgangen i Normandie vart ni norske krigsveteranar heidra med Æreslegionen: Gunnar Knudsen, Lars Arnholm, Anders O. Standnes, Johannes Helland, Antoni Lunder, Rangvald Myhre, Bertel Bjørvik, Enevold Falsen Schrøder og Johannes Bauge.