Wenche Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wenche Foss
66382 Wenche Foss.jpg
Wenche Foss i 1959
Fødd 5. desember 1917
Christiania
Død

28. mars 2011
Oslo

Yrke skodespelar, songar, teaterskodespelar, filmskodespelar, plateartist
Wenche Foss på Commons

Wenche Foss (Eva Wenche Steenfeldt Stang) (fødd 5. desember 1917 i Kristiania, død 28. mars 2011 i Oslo) var ein norsk skodespelar, ofte karakterisert som etterkrigstidas store diva i norsk teater.

Foss debuterte i 1935 på Søilen Teater i Vilhelm Dybwads operette Taterblod. Ho markerte seg tidleg som operette- og lystskodespelar på fleire av Oslo sine scener. Hennar største operetterolle var som Hanna Glawari i Den glade enke i 1948. Det blei Centralteateret sin største suksess. Ho kom til Nationaltheateret første gong i 1952 og var der i 15 år. Etter ein periode på Oslo Nye Teater frå 1967 til 1978, avslutta ho karrieren sin som fast tilsett skodespelar, på Nationaltheateret frå 1978. Ho spelte 55 roller.

Ho byrja tidleg å spele inn film. I 1940 debuterte ho i Tørres Snørtevold og ho blei også kjend for rolla si i En herre med bart i 1942.

Dei seinare filmane hennar omfattar mellom anna hovudrolla i Gull og grønne skoger, ein kortfilm og svart komedie i Harald Zwarts regi, om einebuerska som vert forrykt i møte med media.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

«Våre små søsken»[endre | endre wikiteksten]

Etter at Wenche Foss i 1953 fekk ein gut med Down syndrom, har ho gjort ein stor innsats for å opne folk sine auge for utviklingshemma sine kår.

Ho har også vore open om forhold ved sin eiga helse, slik som at ho i 1971 overlevde brystkreft.

Triva[endre | endre wikiteksten]

  • Foss fortalde sjølv at ho frå artium fekk «6» i alle fag med unntak av orden, der ho fekk «selsomt».
  • Foss var gudmor til ei anna norsk skodespelarinne, Mari Maurstad.
  • Foss hadde i fleire samanhengar gått ut i media og tala saka til dei homofile, og har mellom anna difor ei høg stjerne hos mange homofile.
  • Foss sin son, Fabian Stang, vart ordførar frå Høgre i Oslo i 2007.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Biografiar