Île-de-France på Grønland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Île-de-France
øy
Land  Grønland
Kart
Île-de-France på Grønland
77°43′00″N 17°45′00″W / 77.716666666667°N 17.75°W / 77.716666666667; -17.75

Île-de-France er ei folketom øy i Grønlandshavet ved Grønland. Øya har ei flatevidd på 246,1 km ² og ei kystline på 71,9 kilometer.[1] Ho ligg ved sørdelen av Jøkelbugten og søraust for Danske Øer.[2]

Skærfjorden ligg sørvest for sørenden av Île-de-France. Dette er ein brei fjord med fleire armar som går vestover.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort ei rekkje arkeologiske funn på øya etter førhistoriske kulturar, truleg den såkalla Independence II-kulturen. Den største samlinga bustader frå denne kulturen er funnen på Kap Skt. Jacques på øya, med restar etter 400-500 bustader. Det er mogleg at ulike grupper samla seg her med jamne mellomrom.[4]

Øya blei gjeven namn i 1905 av hertugen av Orléans under Hertugen av Orléans sin Arktis-ekspedisjon då han utforska nordaustkysten av Grønland ombord i «Belgica».[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «ISLAND DIRECTORY», islands.unep.ch, arkivert frå originalen 19. april 2016, henta 24. november 2022 
  2. Place names, NE Greenland
  3. «Skaerfjorden». Mapcarta. Henta 19. mai 2019. 
  4. «Independence II», Nationalmuseet (på engelsk), henta 24. november 2022 
  5. Barr, William (2010). «The Arctic voyages of Louis-Philippe-Robert, Duc d'Orléans». Polar Record 46 (1): 21–43. doi:10.1017/S0032247409008377. 
  6. Catalogue of place names in northern East Greenland, Geological Survey of Denmark and Greenland