Digital object identifier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
DOI-logo

Digital object identifier (doi eller DOI) er ein internasjonal standard for påliteleg identifisering av elektroniske objekt, særleg dokument. DOI-namn inneheld metadata om objektet det er knytt til og gjerne plasseringa av dokumentet, som ein URL. DOI-namnet er stabilt så lenge dokumentet finst, medan plasseringa og metadataa kan endrast.[1][2][3]

DOI-systemet kom i bruk i 2000 og er handsama av International DOI Foundation.[4] Det blei godkjent som ein internasjonal standard av ISO i 2010.[5]

Ein DOI kan brukast på alle former for elektroniske objekt, som tekstar, bilde, audio, video, programvare og så bortetter. Det kan brukast på eitkvart vilkårleg vald nivå av granularitet, til dømes til å identifisera eit tidsskrift, eit enkelt hefte av eit tidsskrift, ein artikkel i tidsskriftet eller ein enkeltståande tabell i artikkelen.

DOI-struktur[endre | endre wikiteksten]

DOI-nummer betår av ein unik alfanumerisk teiknstreng som har to delar: eit prefiks og eit suffiks.

Ein komplett DOI kan til dømes vera:

10.1000/182

der:

10.1000 er prefikset, sett saman av ein del som identifiserer strengen som ein DOI (10) og ein del som identifiserer registranten (1000);

182 er suffikset som identifiserer det enkelte objektet.

Prefikset blir tildelt av eit DOI-registreringsbyrå til ein spesifikk registrant. Suffikset er tilordna av registranten og må vera unikt innanfor eit prefiks. Det kan integrera eksisterande standard identifikatorar, slik som ISBN eller ISSN. DOI-en skil mellom små og store bokstavar og er rekna for å vera ein ugjennomsiktig streng: ingenting kan lesast ut av nummeret med omsyn til bruken av det i DOI-systemet.

DOI-registreringsbyrå[endre | endre wikiteksten]

Eit DOI-registreringsbyrå (DOI Registration Agency, RA) er ein autoritet som er godkjend av IDF og som har som sin primære funksjon å tilby tenester til DOI-registrantar: å tildela DOI-prefiks, registrering av DOI-ar og å tilby den nødvendige infrastrukturen som gjer at registrantar kan gje ut og vedlikehalda metadata og tilstandsdata.

For tida er det sju større byrå som er aktive på verdsbasis:

  • CrossRef[6] (USA)
  • R.R. Bowker[7] (USA)
  • CAL[8] (Australia)
  • mEDRA[9] (Europa)
  • Nielsen BookData[10] (Storbritannia)
  • TIB[11] (Tyskland)
  • OPOCE[12] (EU)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Witten, Ian H.; David Bainbridge & David M. Nichols (2010). How to Build a Digital Library (2. utg.). Amsterdam; Boston: Morgan Kaufmann. s. 352–253. ISBN 978-0-12-374857-7. 
  2. Langston, Marc; Tyler, James (2004). «Linking to journal articles in an online teaching environment: The persistent link, DOI, and OpenURL». The Internet and Higher Education 7 (1): 51–58. doi:10.1016/j.iheduc.2003.11.004. 
  3. «How the 'Digital Object Identifier' works». BusinessWeek (BusinessWeek). 23 July 2001. Henta 20 April 2010. «Assuming the publishers do their job of maintaining the databases, these centralized references, unlike current Web links, should never become outdated or broken.» 
  4. Paskin, Norman (2010), «Digital Object Identifier (DOI®) System», Encyclopedia of Library and Information Sciences (3rd utg.), Taylor and Francis, s. 1586–1592 
  5. «1.2 History», Introduction, International DOI Foundation, 17. oktober 2015 
  6. http://www.crossref.org/
  7. http://www.bowker.com/
  8. http://www.copyright.com.au/
  9. http://www.medra.org/it/index.htm
  10. http://www.nielsenbookdata.co.uk/
  11. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. mars 2012, henta 22. januar 2017 
  12. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. april 2006, henta 22. januar 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]