Óscar Cardozo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Óscar Cardozo
Óscar Cardozo - Trabzonspor.jpg
Fullt namn Óscar René Cardozo
Fødd 20. mai 1983
Doctor Juan Eulogio Estigarribia i Paraguay
Høgd 192 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Benfica
Draktnummer 7
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-04
2005-06
2006-07
2007-
Paraguay 3 de Febrero
Paraguay Club Nacional
Argentina Newell's Old Boys
Portugal Benfica
31 (20)
63 (29)
33 (21)
152 (95)
Landslag**
2007- Paraguay Paraguay 33 (4)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 13. juni 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 13. juni 2010.

Óscar René Cardozo (fødd 20. mai 1983 i Doctor J. Eulogio Estigarribia i Caaguazú-departementet) er ein paraguayansk fotballspelar som spelar som spiss for Benfica i den portugisiske fotballigaen og for Paraguay sitt landslag.

Cardozo vart seriemeister i Portugal med Benfica i 2010, og vart toppskårar i Portugal same sesongen. Han vart òg toppskårar i Europaligaen same året. Han vart kåra til årets paraguayanske fotballspelar i 2006 og 2009. Cardozo debuterte for Paraguay sitt A-landslag 5. juni 2007 i ein privatlandskamp mot Mexico, der han også skåra eitt mål. Han var med i Paraguay sin tropp til fotball-VM i 2010, der han spelte i alle Paraguay sine fem kampar, to frå start og tre som innbytar.