Nelson Haedo Valdez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nelson Haedo Valdez
Nelson A. Valdez.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Nelson Antonio Haedo Valdez
Fødd 28. november 1983
Fødestad Caaguazu
Høgd 178 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Rubin Kazan
Nummer 18
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2000-01
2001-06
2006-10
2010-11
2011-
Paraguay Tembetary
Tyskland Werder Bremen
Tyskland Borussia Dortmund
Spania Hércules
Flag of Russia.svg Rubin Kazan
22 (11)
113 (31)
113 (16)
25 (8)
1 (0)
Landslag
2004- Paraguay Paraguay 54 (12)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 25. juli 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 25. juli 2011

Nelson Antonio Haedo Valdez (fødd 28. november 1983 i Caaguazú) er ein paraguayansk fotballspelar som har spela i angrep for Paraguay sitt landslag og for Hércules i spansk Primera Division. Det første etternamnet hans er eigentleg Haedo, men i Tyskland var han betre kjent under etternamnet Valdez.

Haedo Valdez voks opp i ringe kår i Paraguay. Han har fortald til tysk presse at då han spelte for Atlético Tembetary i paraguayansk andredivisjon, var han heimlaus og sov under tribunen.[1] Han drog til Europa og Werder Bremen i Tyskland som 18-åring. Han vart fast i A-stallen frå 2003/04-sesongen, men 1. juli 2006 skifta han klubb til Borussia Dortmund, for å få meir speletid. I april 2008 vart han skildra av tyske presse som ein flopp,[1] men i 2008/09-sesongen presterte han betre for Dortmund, og i april 2009 vart kontrakten hans med klubben forlenga til 2012. Før 2010/11-sesongen vart han selt til Hércules i Spania for om lag 3,5 millionar euro.

Haedo Valdez debuterte for Paraguay sitt A-landslag i 2004. Han spelte alle Paraguay sine tre kampar i fotball-VM i 2006, utan å skåra mål. 9. september 2009 skåra han det einaste målet då Paraguay slo Argentina i kampen som gjorde at Paraguay kvalifiserte seg til fotball-VM i 2010.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bild.de på tysk, 30. april 2008.