Öjersjö
Öjersjö | |||
busetnad | |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 267 km² | ||
Folketal | 4 821 (31. desember 2020) | ||
Öjersjö 57°41′56″N 12°08′04″E / 57.69882272843°N 12.134479628154°E |
Öjersjö er ein svensk tettstad i Partille kommun i Västra Götalands län i landskapet Västergötland. I 2005 hadde tettstaden 2 739 innbyggjarar.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Ein finn ein særskilt type kulturlandskap i Öjersjö. Her skil landskapet seg frå dei mer fruktbare dalane, og ein ser spor etter korleis det var drive jordbruk i skogstrakter. Steinrøyser vitnar om strevet det kosta å dyrke denne jorda. Staden Öjersjö blei etablert på 1500- og 1600-talet. Bygda bestod av seks gardar som seinare blei oppdelt til tolv.
Öjersjö var deretter eit skogvokse hytteområde for middelklassen i Göteborg. I 1950-åra byrja ein å bygge heilårsbustader. Hytter blei ombygd til helårsbustader eller rivne til fordel for nye villaer. På 1980-talet skaut villabygginga fart, og i dag er det nesten ingen hytter eller ledige tomter igjen.
Opphavet til namnet Öjersjö har ikkje noko med sjø å gjere. Det kjem av Øiars röjning (norsk: Øiars rydning)[1] ein nybyggar ved namn Øiar ryddet seg jord i området på 1400-talet for å skape seg ein buplass. Etter alle år har opphavet til namnet gått i gløymeboka, og ordet sjø har i staden snike seg inn i stadnamnet.
Öjersjö er i dag blant dei dyraste bustadområda i Partille kommune. Plasseringa ved Kåsjön og Knipeflågbergens naturreservat, som igjen grensar til Delsjöområdets naturreservat, gjer Öjersjö til eit attraktivt buområde. Kåsjön utgjer i dag drikkevassreservoaret til Partille kommune.
Folkesetnaden har auka med 25 prosent frå 2000 til 2007, frå 2690 innbyggjarar til 3361. I følgje kommunen er innbyggjartalet venta å stige med ytterlegare 15 prosent innan 2012.
Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]
Til Göteborg tar det ca. 10 minutter med bil og 18 minutter med buss. Det er ca. 12 km til Landvetter lufthamn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Öjersjö» frå Wikipedia på bokmål, den 6. juli 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Svenskt ortnamnslexikon 2003, side 387