Hopp til innhald

Övre Rudasjön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Övre Rudasjön
Övre Rudan
innsjø
Eit islagt Övre Rudasjön (mars 2011).
Land  Sverige
Tilsig Nedre Rudasjön, Trylen
Utløp Drevviken via Dammträsk
Høgd over havet 36,1[1] moh.
Areal 0,113[1][2] km²
Volum 0,386[3] km³
Kart
Övre Rudasjön
59°10′06″N 18°08′00″E / 59.168333333333°N 18.133333333333°E / 59.168333333333; 18.133333333333
Wikimedia Commons: Övre Rudasjön

Övre Rudasjön, nokre gongar berre kalla Övre Rudan, er ein innsjø i Haninge kommun, Stockholms län i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen inngår i Tyresån-vassdraget, og får tilførsel frå Nedre Rudasjön og Trylen, og vert drenert via Dammträsk til Drevviken.[2]

Innsjøen ligg like vest for jernbanestasjonen i Handen. Ved sørenden er det ein badeplass ved Rudans friluftsområde, der òg Sörmlandsleden passerer.

På sommarstid vert ofte Övre Rudasjön nytta som badeplass, og er klassifisert som eit såkalla EU-bad.[4][5] Vatnet er normalt sett godt eigna til bading, med små eller ingen verdiar av næringsstoff, klorofyll og makrofytar. Han har òg derfor eit lågt trofisk nivå, med få fotoautotrofar og kjemotrofar.[2]

Når isen er sterk nok vert det brøytt baner med tanke på skeising.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Sjöareal och sjöhöjd, SMHI 25 november 2009
  2. 2,0 2,1 2,2 «Övre Rudasjön». VISS, VattenInformationsSystem för Sverige. 31 december 2006. Henta 16. juni 2012. 
  3. Sjödjup och sjövolym, SMHI 25 november 2009.
  4. «Badplatsen». Smittskyddsinstitutet. Henta 25 mars 2011.  Arkivert 2013-08-27 ved Wayback Machine.
  5. «Vägledning för badvatten enligt direktiv 2006/7/EG» (doc). Smittskyddsinstitutet. 24 mai 2010. Henta 16. juni 2012. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]