Ølsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ølen og Ølsfjorden

Ølsfjorden er ein sidefjord til Bjoafjorden i Vindafjord kommune i Rogaland. Dei yste delane av fjorden ligg òg i Etne kommune i Hordaland. Etnefjorden er ein sidefjord av Ølsfjorden som går austover til Etne. Fjorden har innløp i nord mellom Sardaneset i Etne i aust og Stavanes i vest. Han strekkjer seg 8 km inn til Ølsvågen. Fjorden går først rett sørover, før han etter 5 km brått snur vestover.

I det søraustre hjørnet av fjorden ligg tettstaden Ølen. Området rett utanfor Ølen vert kalla Ølensjøen. 3 km lenger vest ligg bygda Ølensvåg i botn av fjorden. På nordsida av Ølsvågen ligg Bergesneset industriområde og Ølen Betong.

Ølsfjorden i solnedgang