Ølensjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ølensjøen
tettstad
Ølensjøen mot Ølensvåg
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Vindafjord
Areal 1,11 km²
Folketal 1 303  (2023)
Folketettleik 1 174 / km²
Postnummer 5580 ØLEN
Preposisjon i Ølensjøen
Kart
Ølen
59°36′18″N 5°48′22″E / 59.605°N 5.80617°E / 59.605; 5.80617
Wikimedia Commons: Ølen
Frå Ølen

Ølensjøen, ofte kalla berre Ølen, er administrasjonssenteret i Vindafjord kommune i Rogaland fylke. Ølen kommune slo seg saman med nabokommunen, Vindafjord, 1. januar 2006. Før kommunesamanslåinga var Ølensjøen administrasjonssenter i Ølen kommune. Det bur om lag 1 600 innbyggjarar i Ølensjøen. Ølensjøen er den største tettstaden i kommunen. Ølensjøen er òg regionssenter for indre delar av Haugalandet.

I Ølensjøen ligg Ølen vidaregåande skule, idrettshall, symjehall og det største privateigde slakteriet i landet, Fatland Slakteri. I Ølensjøen er det eit stort kjøpesenter som mellom anna inneheld apotek og postkontor for kommunane Etne og Vindafjord. Elles finst det eit stort møbel- og teppesenter, seks klesforretningar, urmakar og fleire frisørsalongar.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Namnet Ølen kjem av norrønt Ǫlund. Dette kan ha vore det opphavlege namnet på Ølsfjorden. Tilhøyrande innbyggjarnamn er ølensbu. Namnet har samanheng med norrønt ala, næring eller føde, og kan sikta til rikdom på fisk. Namna Ølensjøen og Ølensvåg er laga ut frå namnet ǫlund.

Eit namn nytta i dansketida var Aalund (Ålund). Namnet vart nytta til innpå 1800-talet. Tettstaden Ølensjøen oppstod av "Landhandlerstedet Aalundssøen". Like ovanfor Ølensjøen ligg bygdemuseet Nerheimstunet, på den gamle og sentrale garden Nerheim. Namnet vart skrive som Niarðhæim i 1326 og kjem av guden Njord i norrøn mytologi. Truleg var det her eit gudehov til ære for Njord. Seinare kan staden ha vorte vigsla til kyrkjestad. Kyrkja stod her fram til 1874. Ei ny kyrkje vart då bygd lenger nede, mindre utsett for vêr og vind.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]