Ørnefiskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørnefiskar


Aplodinotus grunniens, ein amerikansk ferskvassart
Aplodinotus grunniens, ein amerikansk ferskvassart

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Perciformes
Underorden: Percoidei
Familie: Sciaenidae

Ørnefiskar er ein stor fiskefamilie som lever over heile verda. Dei fleste artane lever i tropiske og subtropiske hav, men nokre arter finst i ferskvatn. På mange språk vert dei kalla trommefiskar på grunn av at dei kan lage ein høg, brummande lyd med symjeblæra. Eit anna kjenneteikn på familien er dei uvanleg store øyresteinane, som gjer at ørnefiskane kan høyre artsfrendar på lang avstand.

Øyresteinar frå Argyrosomus regius

I Noreg og Nord-Europa lever berre arten ørnefisk (Argyrosomus regius). Dette er ein stor fisk (opptil 2 m og 65 kg), som lever pelagisk ved kysten og i brakkvatn. I våre farvatn er han berre ein sjeldan gjest. Normalt lever han i Atlanterhavet frå Kanalen til Kongo, i Middelhavet og det sørvestlege Svartehavet. Han har òg spreidd seg til Suezbukta gjennom Suezkanalen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]