Østre Nesttunvegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Østre Nesttunvegen er ein veg som vert brukt som ein del av traséen til Bybanen gjennom Nesttun sentrum i Fana i Bergen.[1] Han er ein sideveg til Nesttunvegen, og Fanaposten, Nesttunsenteret, Fana kulturhus, Nesttun sentrum haldeplass og Nesttuntorget ligg langs vegen.[1] Namnet vart vedteke i 1960.[1] Vegen vart stengd for biltrafikk og bygd om til gågate i 2003, og som trasé for Bybanen i 2010.[1][2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Østre Nesttunvegen». Bergen byleksikon. Henta 16. januar 2015. 
  2. «Slik skal Ringvei Vest bygges». Bergensavisen. Henta 16. januar 2015.