Østrogen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Østradiol

Østrogen er ei gruppe steroide hormon som fungerer som det primære kvinnelege kjønnshormonet. Dei vert i hovudsak produsert i eggstokkane og i morkaka. Nokre østrogen vert produsert i mindre mengder i levera, binyrene og i brysta.

Dei tre vanlegaste naturleg førekomstane av østrogen er østradiol, østriol og østron. Desse vert produsert i kroppen ved at androgen vert omdanna ved hjelp av enzym. Østradiol vert produsert frå testosteron og østron frå androstendion. Østron er svakare enn østradiol og finst i større mengder enn østradiol hos kvinner etter overgangsalderen. Østrogen finst naturleg både hos kvinner og menn, men i langt større mengder hos kvinner. Østrogena fører til utvikling av kvinnelege sekundære kjønnskarakteristika som til dømes bryst. Dei styrer òg menstruasjonssyklusen.

Østrogen i legemiddel[endre | endre wikiteksten]

Sidan østrogen styrer menstruasjonssyklusen, inneheld dei fleste p-piller modifisert østrogen. Det er lite tenleg å nytte naturlege østrogen i tablettform, då biotilgjengelegheita er dårleg og halveringstida særs kort.

Alle tilgjengelege østrogenpreparat (mellom anna p-piller) som er tilgjengelege i Noreg, inneheld syntetisk etinyløstradiol eller esterar av østradiol (østradiolvalerat eller østradiolhemihydrat).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]