Testosteron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Testosteronets strukturformel.

Testosteron er eit hormon som bidreg til utvikling av mannlege kjønnskarakteristika, (eller eit androgent steroidhormon). Testosteron vert produsert i testiklane og i binyrebarken hos både menn og kvinner. Det vert danna av kolesterol med hjelp av andre steroid.

Testosteron er det dominerande androgenet hos menn, og det stimulerer til utvikling av mannlege kjønnskarakteristika som vekst av mannlege kjønnsorgan, stemmeskifte i puberteten, auka muskelmasse hos menn, utvikling av skjegg og andre kroppshår og feitt rundt magen og livet (abdominal feittfordeling) hos vaksne menn. Testosteron er viktig for normal seksualfunksjon og ereksjon.

Strukturen til testosteron blir etterlikna i mange dopingmiddel og testosteron kan òg nyttast til doping. Om testosteron blir tilført kunstig sluttar kroppen (mellombels) å produsere hormonet i testiklane sjølv. Testosteron kan omdannast til det kvinnelege kjønnshormonet østrogen ved hjelp av enzymet aromatase. Då vert det oppnått ein omvend effekt hos menn som tar inn (for mykje testosteron, ved at dei får bryst (gynekomasti).

Nivå[endre | endre wikiteksten]

Testosteronnivået varierer mellom 200 og 1200 ng/dl for menn og mellom 15 og 70 ng/dl for kvinner.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.