Øvre Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Provinsen Øvre Canada (fransk Province du Haut-Canada, engelsk Province of Upper Canada) var ein britisk koloni langs nord- og austsidene av Lake Huron og Lake Superior til vasskiljet mot Ottawa-elva. Provinsen eksisterte i perioden 1791-1841. Han omfatta det sørlege av dagens Ontario-provins og ein stor del av det nordlege av han i form av området som gjekk under namnet Pays d'en Haut i den tidlegare franske kolonien Ny-Frankrike. Provinsen blei avstått til Storbritannia etter at britane sigra over franskmennen i Sjuårskrigen, òg kalla den franske og indianske krigen i Nord-Amerika. Øvre Canada var blitt eit område der britiske lojalistar flykta etter den amerikanske revolusjonen.

Provinsen Øvre Canada blei skipa gjennom Konstitusjonsloven frå 1791, som endra provinsen Québec til provinsen Øvre Canada og provinsen Nedre Canada. Ordet «øvre» viser til det geografiske området lenger oppe ved elva Saint Lawrence ved utspringet samanlikna med Nedre Canada, som låg lenger nedover elva mot munningen hennar i Saint Lawrence-bukta.

Kolonien opphøyrde å eksistera i 1841, då han blei slått saman med Nedre Canada til Provinsen Canada.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]