Øvresjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øvresjøen
innsjø
none  Solnedgang frå Michigan
Solnedgang frå Michigan
Område På grensa mellom USA og Canada
Tilsig Nipigon River,
Saint Louis River
Pigeon River
Pic River
White River
Michipicoten River
Kaministiquia River
Utløp St. Marys River
Høgd over havet 183 m moh
Lengd 563 km km
Breidd 257 km km
Volum 12 100 km³ km³
Areal 82 414 km² km²
Kystlengd1 4 385 km km
Øyar Isle Royale
Apostle-øyane
Byar Duluth
Superior
Thunder Bay
Marquette
Sault Ste. Marie
Wikimedia Commons: Lake Superior
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Øvresjøen (engelsk Lake Superior, fransk Lac Supérieur, ojibwe Gitchigami) er den største av dei fem store innsjøane Great Lakes som ligg på grensa mellom Canada og USA. Han grensar til Ontario i Canada, Minnesota, Wisconsin og Michigan i USA.

Øvresjøen er med sine 82 000 km² den største ferskvatn-innsjøen i verda rekna i areal, Kaspihavet er større men er av saltvatn, og Bajkalsjøen i Sibir har større volum. Største lengde og breidde er 563 og 257 kilometer. Middeldjupna er 149 meter og han er 406 meter djup på det djupaste og inneheld 12 232 km3 vatn.

Strendene, inkludert øyene, har ei total lengde på 4 393 kilometer. Den største øya i innsjøen er Isle Royale. Over 200 elver har utløpet sitt i sjøen, dei største er Nippigon River, St. Louis River, Pigeon River, Pic River, White River, Michipicoten River og Kaministsquia River.

Viktige byar ved Øvresjøen er Duluth, Thunder Bay, Marquette, Sault Ste. Marie, Ontario og Sault Ste. Marie, Michigan.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

ojibwe er sjøen kalla «Gichigami» som tyder «stort vatn», men sjøen er betre kjent som «Gitche Gumee». Dette kjem av at Henry Wadsworth Longfellow nytta dette namnet på sjøen i det episke diktet om Hiawatha som heiter The song of Hiawatha. Øvresjøen er også referert til som «Gitche Gumee» i songen The Wreck of the Edmund Fitzgerald av Gordon Lightfoot. Det var franskmennene som gav sjøen namnet le lac supérieur eller Øvresjøen fordi sjøen låg ovanfor Huronsjøen.

Dei store sjøane[endre | endre wikiteksten]

Øvresjøen (mørkare blå) og dei andre store innsjøane

Dei store sjøane består av fem innsjøar; Øvresjøen, Michigansjøen, Huronsjøen, Eriesjøen og Ontariosjøen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]