Øvsttunsenteret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øvsttun skole)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvsttunsenteret

Øvsttunsenteret er ein barnevernsintistutisjonØvsttun i Fana bydel i Bergen kommune. Senteret ligg i tidlegare Øvsttun skole.

Skulen vart starta som ein internatskule for elevar på ungdomstrinnet med åtferdsvanskar. Bygningen er frå 1961, teikna av John Johannessen. Frå 1961 til 1969 hadde skulen berre jenteklassar, og fram til 1982 hadde han blandingsklassar. Frå 1982 til 1992 var det berre guteklassar her.

I 1992 tok staten over skulen og han vart lagt under barnevernet. Øvsttunsenteret har i dag 16 plassar for ungdom med store åtferdsvanskar på grunn av rus, kriminialitet eller vald, samt 81 tilsette. Senteret har òg ein einebustad på Smørås.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]