Øvsttun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvsttun
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5223 NESTTUN
Gardnummer 44

Øvsttun er eit bustadområde og ein gard i Fana i Bergen. Garden ligg på sørsida av Midtunelva, søraust for Nesttun.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Garden var opphavleg det øvre tunet i storgarden Hjelmeland, og heitte først Ófratún eller Øvretun, medan Neðratún eller Nedretun var det andre. Då Midtun kom til som ein tredjepart vart namna endra til Øvsttun og Nesttun.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Garden var saman med nabogarden Nesttun opphavleg ein del av storgarden Hjalmulfsland (Hjelmeland), men vart alt i mellomalderen delt i sjølveigarbruk og ein halvpart som skal ha høyrt til Nonneseter kloster. I 1519 var det registrert tre brukarar på Øvsttun.

Frå 1500-talet til 1836 var klosterparten eigd av De Søefarendes Fattighus.

På 1900-talet vart delar av garden utskilt til kyrkje, skular og andre offentlege bygg, men her er framleis gardsdrift.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Området ligg mellom Nesttun og Birkelandsvatnet. Han grensar til Nesttun i nordvest, Skjold i vest, Lilletveit i sør, Ulsmåg i aust, Nordrevoll i nordaust og Midtun i nord.

På området ligg Slåtthaug ungdomsskule og Slåtthaug videregående skole, samt Slåtthaug kunstisbane og Slåtthaug idrettsanlegg. Her ligg òg Øvsttun kirkegård på vel 31 000 m²

Bruk av namn[endre | endre wikiteksten]

Fleire stader er kalla opp etter garden:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]