Hopp til innhald

Hitra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Øya Hitra)
Denne artikkelen handlar om øya. For kommunen, sjå Hitra kommune.
Hitra
Frå Hitra, med Nordbotn kyrkje
Frå Hitra, med Nordbotn kyrkje
Geografi
Stad Hitra kommune

Areal 571,5 km²

Høgaste punkt Mørkdalstuva (345 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Fillan er den største tettstaden på øya.

Hitra er ei øy som ligg i Hitra kommune i Trøndelag fylke, sørvest for munninga av Trondheimsfjorden. Utanfor Hitra ligg øya Frøya. Hitra er den sjuande største øya i Noreg og den største sør for Lofoten. Det høgaste punktet på øya er Mørkdalstuva på 345 moh. Langs kysten mot sør, vest og nord er naturen på øya prega av vêrhardt kystklima med nakne lyngheiar. I det indre av øya finst furuskog, fjellterreng og store myrflater med rikt fugleliv.

Hausten 2004 opna Statkraft 24 vindmøller på Eldsfjellet med samla maksimal yting på 55 MW, og ei 10 km lang kraftleidning til Fillan.

«Hitra – øy i Hitra kommune» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]