Fillan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fillan
tettstad
none  Fillan sentrum
Fillan sentrum
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sør-Trøndelag
Kommune Hitra
Areal 0,81 km²
Folketal 911 (2015)
Folketettleik 1 125 / km²
Postnummer 7240 HITRA
Preposisjon i Fillan

Fillan er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hitra kommune i Sør-Trøndelag fylke. Staden har 911 innbyggjarar per 1. januar 2015. Fillan ligg ved Fillfjorden aust på øya Hitra.

Frå 1886 var Fillan omfatta av Fillan kommune. Etter kommunesamanslåinga i 1964 vart det bygd nytt heradshus for Hitra kommune i Fillan. Ein valde å ikkje byggje heradshuset i det dåverande sentumet i Fillan, men i staden på eit ubebygd myrområde ved Riksveg 714. I åra etter vart det bygd ungdomsskule og samfunnshus i tilknyting til heradshuset. I 1977 vart Hitra videregående skole bygd på motsett side av vegen i forhald til ungdomsskulen. Frå 1980-åra er dette området etablert som det nye sentrumet i Fillan og det er bygd opp ulike servicetilbod. Attåt ymse butikkar finn ein her Hitrahallen, tannlækjar, brannstasjon og eit nytt helsetun som inneheld sjukeheim, lækjarkontor, terapibad og anna.

Fillan kyrkje frå 1789 er ei av dei eldste eksisterande kyrkjene på Hitra. I kommunesenteret finn ein også Kystmuseet i Sør-Trøndelag i dei tidlegare lokala til Hitra meieri.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sør-Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.