Øyfjorden i Hasvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 70°32′1.7628″N 22°38′2.0256″E Øyfjorden (samisk Duorppalvuotna) er ein fjordSørøya i Hasvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6,5 km nordover til Nordbotn i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Fuglberget i vest og Ramnes i aust. Det ligg fleire holmar i fjorden og den største av desse er Øyfjordholmen med ei lengd på 1,1 km. Inst i fjorden deler han seg i tre vågar. Sørbotn ligg lengst vest, Midtbotn ligg i midten og Nordbotn, den djupaste av dei, ligg lengst aust. Fjorden er 118 meter på det djupaste, nesten ute ved munningen.